Fylgja må vel vera det same som somme kallar for horsføl (Hors tyder merr.)
Oppe ved den gamle Godesetvegen, ikkje langt frå det sør-austra hjørna av Folkvangeigedomen, låg det i si tid eit lite jærhus. Der budde Ole Håland og kona hans Maria. Dei hadde vore gardbrukarar på Godeset, men hadde nå overlete drifta til sonen Karl.