Ungdomshuset Idun
Jåtten ungdomslag, stifta i 1882, var det første og lenge det mest veldrivne ungdomslaget i Rogaland. Rett nok, me veit at etter andre verdskrigen, etter ei tid med offentlege laurdagsdansar og liten og uvesentleg aktivitet elles, sovna Jåtten ungdomslag stille inn. Det får tida og utviklinga ta skulda for. Etter eit par avviklingsmøte, nødvendig juridisk papirarbeid og offentleggjering i avisa, var det slutt den 29. juni 1965. Sidan har deira ungdomshus vore i Hinna Sanitetsforenings eige.